Doktoren er inne

Etter ei heidundrande helg er det godt å koma inn i Gamlekinoen og pusta ut med Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard.

Den kritikarroste pianisten Espen Eriksen har reist land og strand med trioen sin, og no er han tilbake på Vossa Jazz, og denne gongen med forsterking frå dei Britiske Øyane. Sidan Espen hadde pådrege seg litt mannfluensa, var han glad det var ein doktor på scena – Sheppard vart nyleg utnemnt til æresdoktor ved University of Bristol, så det burde gjera nytten.

Og den gode dosen jazz som kom tonande ut av høgtalarane gjorde godt for publikum, som kanskje har hatt ei intensiv festivalhelg. Dei vare komposisjonane til Eriksen er som skapt for ein sliten søndag. At dei utover i konserten knallar litt på går likevel fint. Med slike musikarar passerer alt mjukt gjennom øyregangane, kjenslene heng att og etterklangen glir vidare som lause notar gjennom den kalde, klare vossalufta.