Den afrikanske larm

Femi Kuti (foto: Vossa Jazz/Anders Flatland)s
Femi Kuti (foto: Vossa Jazz/Anders Flatland)

«Det bles kaldt over fjella denne kvelden i april», melde Femi Kuti oppe frå scena i Vossasalen. «Kva er dette?» spurde han så, før han snøggt svara: «Snø-kvit», mellom snøgg, sweet afro-beat.

I salen rakk ein derimot korkje kjenne seg kald eller framand. For sjølv om det er langt frå Nigeria til Voss, og sjølv om vinden over Vangen kanskje bles like isande som han gjer over Europa i kveld, så stod det snart klart at Femi Kuti hadde planar om å setje nokon og einkvan, om ikkje også sjølve Vossavangen, i brann. Og det greidde han.

Det var aldri nokon tvil om at noko viktig stod på spel: Det lå under og over alt. Afrobeat, forklara Femi Kuti oppe frå scena, handlar om slikt som varmar: om kjærleik, menneskerett, rettferd og fred. «Enkle ting som det.» Men enkelt betyr ikkje at det ikkje kan vere sant: Derfor var det òg lett å løfte armane med Femi Kuti, og oppriktig tru på varmen i røysta som bar songen «I believe, I believe – in time, everything will be fine».

Del gjerne!