Den 37. Vossa Jazz er opna!

charlie_haden_nettf-brynjar_vik-1

Tradisjonen tru vart Vossa Jazz blæsen i gang med Per Indrehus sin fanfare. I år var det Jørn Styve som fekk det ærefulle oppdraget med luren og med dette er ein ny mann på gamal tradisjon. Den 37. festivalhelga i rekkja vart i år offisielt opna av Frode Grytten. For full Vossasal leste han opp eit sjølvskrive dikt som var ei hyllest til jazzen. Til eit lattermildt publikum vart jazz beskrive slik av Grytten: «Det er musikk det er jazz ein nødvendig frukost».
Charlie Haden fekk vist seg som ein av klippene i den moderne jazzen. Saman med bandet sitt «Charlie Haden Quartet West» fekk publikum høyre både gamalt og nytt materiale. Kvar og ein av dei viste internasjonal klasse på mangfaldige soloparti til stor jubel i salen.
Charlie Haden er ein internasjonal artist me hadde store forventningar til og han innfridde! No er festivalen endeleg i gang og me gler oss til dei neste dagane med musikalske høgdepunkt seier festivalsjef Trude Storheim.

Del gjerne!