Dei gamle er framleis eldst, men kva med dei unge?

Foto: Eirik Åsheim, Vossajazz

Den eldre garde kjende sanneleg si vitjingstid laurdag formiddag då tospannet Fliflet og Sandvik gjesta Velferdsentralen. Det skulle berre mangle, all den erfaringa dei sit på. På bordet stod kaffi og kringle, men lukta som gradvis fylte det stappfulle lokalet, var den umiskjennelege duften av jazz.

Då sistemann hadde sett kaffikoppen frå seg på bordet, ynskte Gabriel Fliflet oss alle velkomen, dei gamle, dei nokså gamle, og dei som hadde snike seg inn utan å respektere aldersgrensa på 75 år.

Gabriel og Jørgen serverte ein praktfull variert meny, der ein kunne meska seg med alt frå finsk tango til italiensk anarkistvals, skriven i 1882. Meir lokale songar var det òg plass til, blant anna nydelege ”Valseria”, med tekst av Einar Økland, og ”Eg skulle”, med tekst av Ragnar Hovland. Publikum lét også til å setja stor pris på tidlause klassikarar som ”Dar kjem dampen” og, passande nok, ”Jørgen Hattemaker”, sungen av, nettopp, Jørgen Sandvik.

Del gjerne!