Charlie Haden tilbake til Vossa Jazz!

luke_5_haden_press-02

Det har gått seksten år sidan Charlie Haden vitja Vossa Jazz endeleg er han tilbake! Saman med Quartet West spelar han opningskonserten på Voss fredag 26. mars.
Charlie Haden har som bassist vore ein av klippene i den moderne jazzen. Bandet Quartet West vart starta i 1986 og er utvilsamt hans musikalsk mest tilgjengelege. Charlie Haden vakte oppsikt i New York då han i 1959 vart del av Ornette Colemans kvartett. Han har i ettertid spelt med mange av medmusikarane her som Don Cherry Dewey Redman og Ed Blackwell. Haden har vore ein etterspurd musikar og har m.a. spelt i Keith Jarret sin kvartett frå 1968 – 73 i tillegg til konsertar og innspelingar med Pat Metheny Hank Jones og Kenny Barron. Og denne gongen er det altså den utsøkte Quartet West Charlie Haden har med seg til Voss.
Charlie Haden – bass
Ernie Watts – sax
Alan Broadbent – piano
Rodney Green – trommer
http://www.charliehadenmusic.com/
For meir info kontakt
Trude Storheim dagleg leiar
957 61 257
trude@vossajazz.no

Del gjerne!