Buddyprisvinnar i heimleg honnør

adne_brunborg-1

 

Frå scena i Gamlekinoen presenterte dei tre Vossakunstnarane Tore Brunborg Dag Helleve og Sveinung Iversen sin eigen hyllest til Vossa Jazz i form av det spesialskrivne verket ”Ym”. Urframføringa var sett saman av varsamt utprøvande melodiar signert Brunborg og hans musikalske samansvorne Helleveske tekstar frå eit attkjennande lokalmiljø samt Iversen sitt tonegjevande visuelle bakteppe av Vossa Jazz-plakatar personlege bilete vinterlege avtrykk og videointervju.

Sameininga av dei ulike røystene og kunstartane var heile tida i kontakt med publikum og gjorde uttrykket til ei tiltalande oppleving. Brunborg er ein musikar som dyrkar kunsten og samspelet og det var tydeleg at dei alle kjende seg heime på den gamle kinoscena. Vossa Jazz er deira eigen festival.

Del gjerne!