Briljant balsam for slitne jazz-sjeler

Elisabeth Lid Trøen vert omtala som ein særs spanande nykommar og jamvel om ho er ung spelar ho som om ho har trødd sine jazzsko i ein mannsalder allereie. Ho og saksofonen var eitt og saman spela dei stødig og varm jazz som gjekk rett i hjarta på publikum.

Folk kikka rundt seg smilte salig og verka vera einige om at her her på Tre Brør her på Voss her på Vossa Jazz her er det godt å vera.