Billettar til Vossa Jazz

INFORMASJON OM BILLETAR/BILLETTSYSTEM TIL 2021-FESTIVALEN

Billettsalet til festivalen er i gang!

Til Vossa Jazz 2021 vil me måtte ta omsyn til gjeldande retningslinjer frå FHI og må planlegga med redusert kapasitet i dei ulike konsertlokala.

Det vert selt enkeltbillettar til alle konsertar, med unntak av nokre få dobbelkonsertar – altså to konsertar i éin billett! Det vil gå fram i konsertomtale og billettoversikt der det er dobbelkonsert.

I 2021 vert det ikkje selt festivalpass eller dagskort til festivalen.

Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna Covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

Til dei som hadde kjøpt billettar til Vossa Jazz 2020 og valde å få verdikupong då me måtte avlysa festivalen:
Denne kan du sjølvsagt bruka på billettar til Vossa Jazz 2021! Men du må kjøpa billettar og bruka verdikupongen som betaling, heilt eller delvis. Verdikupongen du har fått er på eit beløp, ikkje ein type billett.

Billettar til Vossa Jazz 2021 kjøper du hjå TicketCo.

Ta kontakt med trude@vossajazz.no eller kari@vossajazz.no dersom du lurer på noko!

Velkomen til Vossa Jazz 2021!

Del gjerne!