Badnajolajazz, men ikkje Jolajazz

Me ser oss dessverre nøydde til å avlysa årets Jolajazz på Park. Gjeldande restriksjonar gjer det uråd å skipa til Jolajazz. Både Jolajazz i tradisjonell innpakking og den planlagde «korona-versjonen» lar seg dessverre ikkje gjennomføra.

Det blir Badnajolajazz med Skakke Sanger og Badnajazzkorret!

Britt-Synnøve, John, Johan og Badnajazz-koret bur i ei merkeleg verd, saman med spøkelse, vampyrar, farlege fiskar og ein dansande krokodille, blant anna!

Sjølv om det finst mange skumle ting her, har dei tre musikantane alltid eit smil på lur, og ei mengd rare og lystige tonar frå ei ulike sjangrar. Vampyren trivst best med transylvansk 7-takt, og krokodillen vil helst danse til sumpdampande zydeco! Konserten høver for alle, men born under fem vil nok ha eit kjent fang å gøyme seg i…

Britt-Synnøve Johansen – vokal
John Lilja – bass, ukulele, mandolin, vokal
Johan Egdetveit – trekkspel, vokal
Badnajazzkoret

Tysdag 29. desember kl.16.00 i kultursalen, Voss Kulturhus.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!