Foto Runhild Heggem/Vossa Jazz

Badnajazzparade laurdag!

I år vert det parade med ein vri! Fotballklubben Voss er 100 år i år og startar feiringa med parade saman med oss.

Paraden byrjar ved Voss gymnas og endar opp ved idrottsplassen. Store og små er hjarteleg velkomne til å vera med, og du kan ta med instrument om du vil.

Frammøte ved gymnaset kl. 11.45, paraden startar kl. 12.00.


Etter paraden er det tid til å rusle til kulturhuset for konsert med Skarbø Skulekorps og Voss skulemusikk.

Les meir om:

Artikkel under:

Arkiv