Aristoteles, i praxis!

Phronesis (Foto: Vossa Jazz/Maiken Solholmvik)
Phronesis (Foto: Vossa Jazz/Maiken Solholmvik)

Det greske omgrepet phronesis vart nytta av Aristoteles for å skildra den dygda som spring ut av klokskap basert på erfaring – det tek tid, opplevingar og levd liv for å læra seg å handla klokt, godt og fornuftig.

Med phronesis-etymologien i bakhovudet byrjar ein å skjøne kva som gjer denne danske pianotrioen så fantastisk. Den levande dynamikken og framifrå feeling’en til Phronesis er eit resultat av 15 år, åtte album, utallige konsertar og musikalsk utforsking i øvingslokale – det kjennest!

Gruppa kombinerer det tradisjonsrike trioformatet med moderne impulsar, svevande stemningar og kreative komposisjonar på ein måte som traff rett heim hjå Festsalen-publikummet fredag kveld. Dette er ekte, musikalsk dygd – Aristoteles i «praxis»!

Del gjerne!