Årets Vossa Jazz-kunstnar: Christoffer Eide

Foto: Lars Finborud

Christoffer Eide (28) er årets festivalkunstnar. Han kjem frå Larvik og er nyutdanna ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen. Han har òg ei grundig filmutdanning frå Central Saint Martens i London. Christoffer jobbar hovudsakleg med grafikk (silketrykk), måleri og skulpturelle objekt.

Plakaten han har laga til Vossa Jazz er inspirert av 60-/70-tals jazz-plateomslag og den tidas
minimalistiske, enkle og stiliserte plakatdesign. Sirkel-motivet hadde han allereie jobba med på førehand, og i ein musikalsk kontekst såg han at motivet kan minne om ei vinylplate – perfekt for ein jazz-festival!

Om utstillinga
Mykje er innretta for å støta vekk heimlause: Benkar som ein ikkje kan ligge på og knottar, piggar og ukomfortable skulpturelle element plassert på stader det er naturleg for ein heimlaus å søka ly, er typiske eksempel. Mange skatarar er nok kjend med defensiv arkitektur: På trappar, rekkverk og kantar som passar til brettriksing finn ein ofte små element (knottar, metallskiver o.l.) som er der spesifikt for å vanskeleggjere skating, seier Christoffer Eide.

Målsetninga mi er ikkje å fordømma denne formen for arkitektur, men heller å gjera folk litt meir merksame på den. Arkitektur og design verkar underbevisst inn på brukarane – når den er laga med tanke på å styra åtferd kan ein oppleve eit ubehag som ein ikkje klarar å setja ord på. Samstundes er eg alltid opptatt av at det eg lagar skal ha ein sjølvstendig estetisk verdi, ein treng ikkje vera kunstvitar for å ha glede av utstillinga mi!

Festivalutstillinga er ei forlenging av det spanande masterprosjektet No Rest For The Wicked.

Kunstutstillinga finn du i Voss kulturhus. Offisiell opning fredag 18. mars kl. 17:00.

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag og Vekselbanken.

 

logo voss kunstlag

vekselbanken [Converted]

Del gjerne!