Årets UNGjaJAZZja-pris til Peace Love and Swing

I grunngjevinga kan ein lesa følgjande:

Desse tre ungdomane har hatt ei enorm utvikling det siste året. Bandet vart etablerte for tre år sidan og har gått frå nybyrjarnivå til utøvarar av svært krevjande og avansert musikk på merkverdig kort tid.

Gjennom ei rekkje konsertar har dei fått utfordra seg sjølv også saman med profesjonelle artistar som Joshua Redman Andy Sheppar Matias Eick Tineke Postma m.fl. Bandet har allereie opptredd utanlands i Queen Elizabeth Hall i London og til trass for konkurranse frå det ypparste av jazzelevar frå den britiske hovudstaden klarte dei å imponera alle.

Både Ragnhild og Sindre har vist seg å vera flinke komponistar og bandet jobbar no med å utvikla sitt eige repertoar og ikkje minst går dei gjennom ei fantastisk utvikling innan improvisasjon noko som er sjeldant for så unge musikarar.

Bandet består av

Ragnhild Kløve Graue (15) – bass og vokal
Sindre Medhus (17) – piano
Sigurd Steinkopf (14) – trommer

 

 

Del gjerne!