Anne Lindmo til Vossakveik!

Då er tema for årets Vossakveik klart:

Voss bygd for framtida?

Voss er i stadig utvikling og målet er å skapa ein livskraftig region som er attraktiv både for innbyggjarar og tilreisande. Er me rusta for framtida?

Anne Lindmo: Mot til å lykkes!

Møt mellom andre ein av landets store programleiar-profilar på årets Vossakveik! Lindmo vil dela sine erfaringar gjennom eit foredrag om suksess, hardt arbeid, verdival, lagånd og balansen mellom fokus og slurv.

Torsdag 11. april kl. 16.30 i Gamlekinoen. Heile programmet vert lagt ut så snart det er klart.

Kjøp billettar hjå TicketCo. Festivalpass gjeld ikkje på Vossakveik.

Alle er velkomne!