«alt var herlighet og fryd»

Valerina Fortes Orkester
Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim

Det var godstemning frå fyrste stund då Valerina Fortes Orkester vitja Velferdsentralen i dag. Bandet handsama musikkskattane frå Kurt Foss og Reidar Bøe med respekt og humor, og det swinga så mykje at det rykka godt i dansefoten på eit – får ein seie – noko modent publikum. Songane vart introduserte med artige kommentarar, noko publikum viste at dei sette pris på. Sjølv då Dr. Chr. Lund innleia «Blomstring i Hardanger» med å omtale Voss som «denne blindtarmen i Hardanger» var det høglydt humring.

Valerina Fortes Orkester tok med seg årets eldrejazz-konsert på ein miniturné på Voss, med besøk også på sjukeheimen og Hagahaugen. Eit strålande tiltak som vart svært godt tatt i mot.

Del gjerne!