A singing ship is a happy ship

Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Ein skulle kanskje tru at publikum godt ut på laurdagsnatta var metta på musikalske opplevingar og god drikke, men nattmåltidet som vart servert i Vossasalen vart motteke med fortent entusiasme. Storm Weather Shanty Choir baud på sjømannsviser framført så vakkert og sterkt at sjølv den mest hardbarka landkrabbe kjente dragninga mot havet. Eit lydhøyrt og entusiastisk publikum gynga, song, haldt rundt kvarandre og beint fram koste seg på konserten. Storm Weather Shanty Choir veit verkeleg å få folk med seg på allsong – og ein levande karaokemaskin sikra at også teksten vart rett.

Hadde vi det bra? Vi svarar på ekte sjøfolk-vis: HOI!

Del gjerne!