Vossa Jazz har flytta

Etter ti år på Hålandshuset har Vossa Jazz flytta til Vangsgata 6. Stiftinga Vossa Jazz har kjøpt 1. etasje og kjellaren og foreninga Vossa Jazz skal leiga desse lokala. Det betyr at me no får  større kontor pluss lager i same bygg, det vert mykje enklare til mykje dei same villkåra.

Vossa Jazz har hatt svært gode år på Hålandshuset mykje takka vera gode vener og kollegaer i Ekstremsportveko, Festival Voss, Tre Brør Kafé, Voss Utferdslag – og huseigar Bjørn Brunborg.

Me gler oss til å ta fatt på ein ny epoke i Vangsgata 6.

Velkomen innom!

 

Del gjerne!