4 kjappe: Linda Eide

1. Fortel om di beste konsertoppleving i 2015:
Haha! Mi desidert beste personlege konsertoppleving var å få spela blokkfløyte med Bergen Filharmoniske Orkester. Ikkje så mange taktane rett nok, og med med ei riva på nasa som auka showfaktoren, rett nok. Men morgonstemning av Grieg, med full symfonibækking var det likefult. Men sidan det nokså truleg var større for meg enn dei i salen, og i alle fall større for meg enn for cellorekka der framme som såg millioninstrumenta bli splintra av ei deisande riva, så lat meg også få nemna opplevingar frå Vossa Jazzen 2015. I den meir intime skalaen tok In the country & Frida Ånnevik kako. Briljante og intense tolkingar av Hans Børli. Knallfin oppleving.

Når det er sagt stod den utadvendte og sprudlande opningskonserten til Erlend Skomsvoll også til ein drøss med auge på terningen.

2. Kva gler du deg til i år?
Gler meg til å ha litt meir tid til gjera ikkje-jobbe-aktige ting. Og så gler eg meg også til å gjera jobbe-aktige ting. Me har eit nytt fjernsynsprosjekt på gang som vert veldig annleis enn seriane Norsk attraksjon og SMÆSJ. Og det trur eg kan bli moro – i alle fall å jobba med. Vonaleg dryp det litt moro på lisensbetalarane óg.

Og så gler eg meg til å overbevisa publikum på Voss Jazz at Melodi Grand prix-soga er full av Jazz. Etter ein kuriøs og rørande historietime i Drosjebua, skal du sjå at jazzfolket får fot for den deskrediterte og aldeles fabelaktie musikkkonkuransen – inkludert festivalleiinga!

3. Kva må folket få med seg på årets Vossa Jazz?
Oj Oj. Masse tøft på plakaten. Jazzland-natta må ein jo få med seg. RAS med Finn-Erix blir ein SKRELL garantert. Og om Soga om Seselja berre er i nærleiken av like god som boka til Ruth Lillegraven, så er det nok for meg. Kåre Kolve blir kanon konsert garantert.  Og sjølvsagt tingingsverket til Økland. Og alt anna. Med årets program blir det faktisk ikkje tid til å snakka med ein einaste kjennning, og i alle fall ikkje drikka øl.

4. Kvifor er  Vossa Jazz så spesiell?
For meg er Vossa Jazz eit årleg ritual, ei høgtid på kalendaren, som eg ser mest fram til av alle høgtidene. Ja, det er pikedeg sant. At Vossa Jazz reint objektivt er spesiell, er folkemusikken sin plass, ein garantist for. Det er det ekstra krydderet, og stundom den store behaldninga. Både med nasjonale og internasjonale artistar. Og så er det intimitet, oversikt og intensitet på kort tid, som også gjer at Vossa Jazz blir spesiell. Og etterkvart har Vossa Jazz fått ein lang historie med sannsoger av ypparste slag. Slikt er lett å lika.

Del gjerne!