2015-plakaten!

Som vanleg tek Vossa Jazz plakaten på alvor, og Vossa Jazz-kunstnar 2015, Kristin Austreid, gjer at me nok ein gong kan presentera eit kunstverk av ein plakat.

I arbeidet mot utstillinga til Vossa Jazz fabulerer Kristin Austreid rundt det å vera kropp og det å vera i kropp. Dei siste åra har ho fokusert på maleriet og det figurative uttrykket, og innanfor dette mediet eksperimenterer ho også med relieff og skulptur.
Verkene som skal visast på utstillinga inngår i ei lengre fordjupning i forholdet mellom sinnet og kroppen, og ideen om å vera på innsida. Kristin sine arbeid ber preg av en interesse for fasong, tekstur og volum. Komposisjonane er ofte komplekse og framstår som kaotiske og strukturerte på same tid. Arbeida uttrykkjer gjerne et visst ubehag midt i det estetiske vakre.

Kristin Austreid (f. 1985) er oppvaksen på Karmøy. I 2004 flytta ho nordover til Bergen og byrja Kunstskolen i Bergen. Dette førte til ein bachelorgrad og ein mastergrad ved Kunst- og designhøgskolen i samme by. Innan hun fullførte mastergraden våren 2014, har ho delteke på Vestlandsutstillingen to gongar, vist arbeid på bl.a. Galleri Milieu i Bern, Haugesund Billedgalleri, Vevringutstillinga, Galleri S.E. og Galleri Parken i Bergen, samt vorte innkjøpt av både Statoil og The city of Burgdorf i Sveits.

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag og Vekselbanken på Voss.

Vossa Jazz-plakat 2015