Lastar Hendingar

Vossakveik 2020: Voss – bygd for endring?

  • Denne hending er over.
fredag 18. september

Kl 16:30

Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, me vil fyra opp til god kveik!

Endeleg skal me skipa til årets Vossakveik!

Me inviterer til ei forrykande samkoma med innblikk i kva endringar som skjer i samfunnet. Den digitale revolusjonen er over oss, og korleis skal du få inspirasjon til å takla endringane…? Det vert humor, musikk og engasjerte innlegg:

Eirik Norman Hansen
er ein ekte teknologioptimist. Han skal snakka om kva teknologi betyr for oss menneske og samfunnet og korleis dette formar verda. Mange har den siste tida blitt «sjokkdigitalisert», er du litt skremt og spent på alt som skjer på den teknologiske fronten;  nytt høve til å høyra Eirik Norman Hansen!

Kathrine Aspaas
er kjent frå sine mange år som kommentator og skribent i Aftenposten. Ho hevdar at sjølvinnsikt og emosjonell intelligens veks fram som dei store suksesskriteria i arbeidslivet. Korleis dette skal gå for seg skal ho formidla med humor og kunnskap!

Vigdis Jordal
skal ta oss med på ei undringsreise i den digitale revolusjonen og det menneskelege engasjementet. Teknologien i rakettfart og evolusjonen i skjelpaddefart.

Musikk i våre øyrer
Det vert ei musikalsk overrasking, eit kinderegg av tradisjon og nyskaping. Garantert vakkert!

Middag
Park tilbyr 3-rettars middag for 395 kr denne kvelden! Bestill bord direkte hjå Park tlf 56 53 10 00 eller elysee@parkvoss.no

Vigdis Jordal
Vigdis Jordal

 

Velkomen!