Lastar Hendingar
Linda Eide

Kulturtur med Linda Eide og Bjørn Tomren

  • Denne hending er over.
sundag 29. mars

Kl 13:00

 

Kulturturen med Linda Eide som guide, vert no avgått for tredje gong, som alltid med eit avgrensa tal billettar. På denne vandringa blir publikum stegvis innført i sanningar som at Munchs Skrik ikkje ville sett dagens ljos utan Voss, ei heller Vigelandsparken. Og at korkje Ole Bull eller Van Morrison ville sett sola om ikkje det var for det vossiske. Ja, det er ikkje småtteri: Gjennom historiske anekdotar og audmjuke fløytetonar, syner Eide at absolutt all norsk kunst og kultur eigentleg stammar frå Voss. Såpass må det vera.

I år vert turen ytterlegare kulturell med praktjodlar Bjørn Tomren som gjest! Artist og vokalutøvaren frå Tomrefjord reiser verda rundt og opptrer med jodling og strupesong og har tidlegare vitja Vossa Jazz med duoen Polkabjørn & Kleine Heine som nokon kanskje hugsar – om dei fekk med seg den fabelaktige konserten på Hanguren i 2009.

Om vêret skulle vera taoskrømande, så kan du roa deg med at mykje av turen føregår innandørs!

OBS! Dagskort eller festivalpass gjeld ikkje Kulturturen. Billettar får du på Ticketco!

ENGLISH
Afraid this one will have to pass if you don`t understand Norwegian! The quirky TV-celebrity Linda Eide takes us on a cultural tour in the neighbourhood to prove that absolutely all art, including Edvard Munch`s The Scream, derives from Voss. This year the event is held at the Culture House just down from the railway station.