Lastar Hendingar

Jolajazz

  • Denne hending er over.
laurdag 29. desember

Kl 20:00

 

RŽFVEN
R„fven kjem tilbake til Voss! Heilt sidan starten i 2003 har R„fven valt å heller seia ja enn nei, noko som har gjeve bandet gleda av å møta publikum i alle tenkelege samanhengar, alt frå å spela i eit tre til å spela for 10000 hylande japanarar.

R„fven har gjennom hundretals konsertar gjort seg kjend som eitt av Sveriges beste liveband, og dei siste åra har deira viltveksande og uimotståelege dansemusikk også vunne publikum utanlands. Publikumskontakt og speleglede står alltid i sentrum når R„fven spelar sin særeigne blandning av balkanbeats, gipsy punk og kurbitsklezmer.

Jonas Lundberg &ndash, gitar
Loke Nyberg &ndash, fiolin
Martin Nurmi &ndash, saksofone
Daniel Wejdin &ndash, tamburin
Johan Dahlkvist &ndash, akordeon
David Fraenckel &ndash, trombone
Rasmus Blanck &ndash, kontrabass
Per Svenner &ndash, perkusjon

&nbsp,

FAGERNES YACHT KLUBB
Fagernes Yacht Klubb vart stifta i april 2010. Det er eit band som covrar deilig vestkystpop frå 1972-1986 med enorm iver og glede. Bandet prøver å heidre dei gamle flinkis-banda som Toto, Journey, Michael McDonald, Doobie Brothers, Kenny Loggins, Hall &amp, Oates, Steely Dan og mange fleire.

Fagernes Yacht Klubb er sett i saman av musikarar som alle er dyktige på kvar sin kant, som gjerne spelar i fleire band samstundes. Med medlemmer frå band som The New Wine, Kakkmaddafakka, Datarock og Hnds, har dette vorte eITT av dei mest spanande klubbkollektiva i Noreg. Musikken deira handlar om krampetighte komp, sexy synthliner og mykje stemmer. Dette vert maritimt, retro, allsong og godstemning tvers gjennom. Tenk tropiske drinkar, glade menneske og fantastisk musikk.

Adrian Søgnen – trommer
Geir Hermansen – keyboards, synth
Stian Iversen – gitar, vokal
Johan Hatleskog – bassgitar
Håkon Njøten – vokal
Pål Vindenes – vokal
Marius Klovning – gitar
Audun Hjort – perkusjon
Torstein Larsen – trompet
Michael Barnes – saksofon
Irem Muftoglu – vokal
Tatiana Palanca – vokal
Ingjerd strem – vokal
&nbsp,

ANDELAND
Duoen Andeland er sett saman av Arne Anderdal og Olav Undeland som spelar ein særeigen miks av norsk og amerikansk folkemusikk på hardingfele og gitar. Låtar om hjerte, smerte og elendigheit vert sett saman med norsk slåttespel og framført med energi og humor.

Arne Anderdal arbeider til dagleg på Ole Bull-akademiet. Han har ein mannsalder bak seg som spelemann og slapp i fjor plata &laquo,Godsruta&raquo, som fekk folkelarmprisen i klassen tradisjonelt samspel. Olav Undeland spelar deltablues av gamalt merke, no på dialekt og har fleire plateutgjevingar bak seg under eige namn.

Olav Undeland – gitar, vokal
Arne Anderdal – hardingfele

&nbsp,

MARERUTT
Sjåvv med Marerutt
Kortreist prat med lokale rå varer, krydra med treffsikre sleivspark på ei seng av forlokkande tonar, fritt for juks og persilleduskar.

Marit Norheim Olde
Ruth Kristin Trå
Gunnar Bjelland – tangentar

&nbsp,

MIDDAG OG JOLAJAZZ?
3-retters middag og Jolajazzbillett kr. 675,- i sal hjå Park, resepsjonen eller tlf. 56 53 10 00.

Med atterhald om endring.