Lastar Hendingar

GROV

Seks unge musikarar, seks ulike nasjonalitetar, men eitt språk: folkemusikken!

Musikarane møttest på masterutdanninga i nordisk folkemusikk, og forma bandet GROV for å smi saman dei mangslungne musikalske røtene sine og spre kjærleiken til nordiske musikktradisjonar.

Flamsk melodeonorgel møter rotnorsk hardingfele, og franske bourré’ar blandast saman med finsk polka, dansk dynamikk og estisk eleganse! GROV er ein eksepsjonell miks av ulike instrument, stilartar og kunstnariske uttrykk innan folkemusikken.

Coline Genet – fele, vokal
Jannike Svensvik  – hardingfele, fele
Jeroen Laureyssens  – akkordeon
Maimu Jõgeda – akkordeon
Martin Strange Lorenzen – klarinett
Senni Heiskanen – kantele, vokal

Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet.