Elin Brissman er plakatkunstnar til Vossa Jazz 2012. Ho er svensk kunstnar busett i Bergen og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen.
Brissman står òg bak festivalutstillinga, som er eit samarbeid med Voss Kunstlag. Utstillinga har fått tittelen: "Nowhere better than this place".
I eit forsøk på å lyfta fram det vakre i det usedde og kvardagslege, målar Brissman detaljerte bilete av husfasadar frå tida mellom 1945 og 1975. Bygningar frå denne perionden vert ofte møtt med lite respekt og vert ofte rivne eller renoverte til det ugjenkjennelege. Brissman ynskjer at andre skal sjå desse bygningane slik ho gjer - sjå deira diskré skjønnheit.
Utstillinga i Banksmidja opnar torsdag 29. mars kl. 20:00.

English:
Each year an artist is given the opportunity to create something special for the Vossa Jazz poster. This year sees Swedish painter Elin Brissman deconstructing her favourite object – the old, traditional 50s houses. Take a close look at the poster and discover a myriad of details!

