Tingingskonsert med Tord Gustavsen
Urframføringa av konserten som har fått tittel ”Restar av lukke - Bitar av tru” vert i Vossasalen på Park Hotel laurdag 15. mars 2008
Tord Gustavsen – piano, Tore Brunborg – saksofon, Kristin Asbjørnsen – vokal, Mats Eilertsen – kontrabass, Jarle Vespestad – trommer og Cecilie Jørstad – resitasjon Armand Steinsholm - lys
David Solheim - lyd
Tord Gustavsen er ein kjent og populær musikar som saman med sin eigen pianotrio har turnert mykje i inn- og utland. I tingingskonserten til Vossa Jazz 2008 søkjer Tord Gustavsen fordjuping og samansmelting av nokre av dei sterke musikalske dialogane han har vore involvert i dei siste åra – duoen med saksofonist Tore Brunborg; det tette samspelet med trommeslagaren Jarle Vespestad i Tord Gustavsen Trio; den mangeårige musikalske relasjonen til songaren Kristin Asbjørnsen; det viktige arbeidet med bassisten Mats Eilertsen i Nymark Collective og ulike andre prosjekt; samt konsertar med tekstresitasjon frå skodespelaren Cecilie Jørstad.
Hovudtanken bak konserten har vore å ta tak i ei form for musikalske miniatyrar som ofte har vore improvisert fram mellom låtane i trioen sine konsertar – sekvensar som på same tid er voggesongaktig enkle og harmonisk fleirtydige – og å nytta desse som basis for ein heil konsert. Dette set Tord saman med tekstbitar frå William H. Auden og Lars Amund Vaage sin poesi. Konserten handlar om å samla saman restane og å gå vidare. Den handlar om å finna tru i det som er splintra, og om å finne det store og berande i det enkle og vare. Tittelen er henta frå ein strofe frå Lars Amund Vaage sin poesi; Restar av lukke, Bitar av tru”.
Voss, 30.11.2007
Trude Storheim
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med
Tord Gustavsen på Tlf. 907 93 687 eller e-post: tord@tordg.no
Trude Storheim, Dagleg leiar Vossa Jazz, tlf. 56 52 99 11/ 957 61 257 eller trude@vossajazz.no
