VossaJazz-medarbeidar: registrer deg her!
Skildring av dei ulike jobbane
Akkreditering
Arrangement: vakthald
Som vakt er du Vossa Jazz sitt andlet mot publikum. Du har eit stort ansvar for at publikum får gode svar og gode vilkår for å høyre god musikk og at trivselen rår overalt, også i vaktlaget der og då. For å få dette til, må du vere både blid og bestemt og innstilt på å gjere ein god jobb. På dei fleste arr. må du vere minst 18 år. Velkomen skal du vere!
Arrangement: garderobe
Artistvertskap
Som artistvert får du ansvaret for eit band under heile deira opphald på festivalen. Du skal sørge for at dei har det bra og har alt dei treng, og løyse eventuelle problem undervegs. Det er ein jobb med ein del ansvar og mykje moro :) Det hadde vore fint om du var over 18 og har førarkort.
BadnaJazz
Billettkontoret
Catering
Dekor
Dekordepartementet er ansvarlege for den visuelle profilen til Vossa Jazz, og med det å skape eit godt miljø rundt arrangementet. Vi byr på spanande og varierte oppgåver som å dekorere scener, billett- og festivalkontor, samt å lage og sette opp skilt, plakatar, vimplar og annan visuell og nyttig informasjon kring konsertane inne og ute. Bli med og set farge på Vossa Jazz 2008!
EkstremJazz
Ekstremjazz er ei annerleis konsertoppleving på ein ny stad kvart år.
Som medarbeidar på ekstremjazz er du med på det meste av førebuingar, gjennomføring og opprydding/evaluering, det vil seie at du må kunne setje av tid både før festivalen, under og etter sjølve konsertdagen.
Ekstremjazz er krevjande prosjekt av di ein gjerne lager eit heilt nytt konsertområde utandørs, og fordi deltakarar og utstyr av ymse slag er må koordinerast utenom det fastsatte sceneprogrammet. Dømer på oppgåver er alt frå snøskuffing, sjauing, publikums- , artist- og pressevertar med meir. Me ynskjer folk som ikkje er redde for å ta i eit tak, kan tenke kreativt og jobbe praktisk…
EldreJazz
Pressevertar
Festivalen skal dekkast av eit utal aviser og like mange journalistar. Me skal syta for at dei får god informasjon om arrangement og konsertar, at dei får oppdateringar fortløpande og at heimesidene til Vossa Jazz alltid inneheld rette opplysningar. Me treng folk som er fleksible, kreative, serviceinnstilte og skrivekunnige (nynorsk) - folk som vil at Vossa Jazz skal synast att i media!
Sjau
Teknikk
Transport
Sjåførar må så klart ha førarkort. Det er òg ønskeleg at dei som skal være sjåførar har hatt førarkortet i minst 3 år. Har du buss- eller minibussertifikat, er du spesielt ettertrakta. Typisk arbeidsmengd for ein sjåfør er to-tre turar tur-retur Flesland i løpet av festivalen. Du må være tilgjengeleg for oppdrag minst to av dagane under festivalen.
UngJazz
