The Ex-M/ Love/ Vandermark
Den amerikanske saksofonisten Ken Vandermark og trommeslagaren Paal Nilssen-Love har spelt saman i ulike samanhengar sidan 2000 – i duo frå 2002. Det ligg føre 3 CDar med duoen der siste er frå 2005 - ein liveCD spelt inn på Blå i Oslo. Duoen jobbar med eit fritt uttrykk med element av tunge rytmiske groovar, melodi, lyd og støy. Heilt fritt, men samstundes «inne».
Til Voss kjem dei med gitaristane frå det nederlandske bandet The EX. Dette er eit band som har halde på i 25 år med progressiv rock og punk med eit energinivå utan like. Andy Moor og Terrie Ex har eit samspel som er svært unikt til to gitaristar å vere. Dei blandar også element frå rock, fri improvisasjon, lyd og støy.
Dette er altså to duoar som møtest/kræsjar til musikalsk leven. Musikken vil kunne oppfattast som utadvendt og inkluderande, men også konfronterande og provoserande der rytmikk, støy, melodi og harmoni smeltast saman i skjønn foreining.
Dette møtet vil bli ein energiutladning av dei helt store, og kjenner vi dei fire musikarane rett er det berre å feste setebeltene. Her blir det ikkje spart på noko!
Ken Vandermark – saksofon
Andy Moor - gitar
Terrie Ex - gitar
Paal Nilssen-Love - trommer
