Terje Isungset og
Lena Nymark
Terje Isungset kom nyleg ut med CDen iceconcerts som er eit konsertopptak frå Svalbard. Lena Nymark har gjort ein del jobbar saman med han, blant anna på Nobelsenteret i samband med opninga av verdas miljødag. På Vossa Jazz vil Nymark synge melodisk materiale komponert av Isungset. Det vert vare stemningar og vakker klang . Å vera omringa av natur er ein stille meditasjon med musikk framført på verdas viktigaste ressurs - vatn. Konserten er ein hyllest til naturen; det er naturen som òg avgjer korleis isen kjem til å låte.
Terje Isungset – isinstrument
Lena Nymark – vokal

