Eplemøya Songlag
Dette er ein vokaltrio med utspring frå Norges Musikkhøgskole, kor Liv studerer folkesong og Wenche og Anja studerer jazzvokal.
Eplemøya Songlag utforskar mogelegheitene som ligg i fusjonen mellom jazzvokal og kveding. Repertoaret består av eigne komposisjonar og tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis. Songarane har trykk og energi. Dei blandar humor, eksperimentell improvisasjon og forteljarkunst. Lydbiletet er tidvis rått, og tidvis stemningsfullt og underfundig.
Liv Ulvik-vokal
Wenche Losnegård -vokal
Anja Eline Skybakmoen -vokal
