Christian Wallumrød Ensemble
Då Christian Wallumrød kom med CDen ”The Zoo is too far” i fjor, skreiv Terje Mosnes i Dagbladet: ”Få, om noen tenker musikk slik som pianisten/komponisten Christian Wallumrød (35). På sine egne plater, fra ECM-debuten med trioinnspillingen «No Birch» via kvartettene «The Sofienberg Variations» og «A Year From Easter», har han søkt seg mot et stadig mindre improvisasjonsbasert og stadig større klanglig uttrykk, og på den nye «The Zoo Is Far» er det som om alt faller på plass i en frapperende original kammersuite.”
Ikkje berre i Norge, men over heile Europa har Wallumrød og denne plateutgjevinga blitt rost opp i skyene. Med impulsar frå barokk, folkemusikk og jazz skapar Christian Wallumrød eit heilt unikt musikalsk univers med sitt ensemble. Me har gleda av å presentera denne musikken i kammersal, og publikum kan sjå fram til ein intens konsert.
Christian Wallumrød - piano
Arve Henriksen - trumpet
Gjermund Larsen - fiolin, hardingfele, bratsj
Tanja Orning - cello
Giovanna Pessi - barokk harpe
Per Oddvar Johansen – trommer
