HEIM

Program
TORSDAG
- seminar

- konsert
FREDAG
LAURDAG
SUNDAG

BADNAJAZZ
UNGDOMSJAZZ

BILLETTAR

OM VOSSA JAZZ
REISE
OVERNATTING
KONTAKT

PRESSEMELDING
- Tingingsverk
- jazzintro
AKKREDITERING



MEDARBEIDAR?

INTERNT
TECHNICAL INFO

flagg

 

IsungsetVossa Jazz takkar musikarar, publikum, gjester og medarbeidarar som gjorde palmehelga til ei strålande oppleving.
Velkomen attende
3.-5. april 2009!

 

Sjå sendingar frå Vossa Jazz 2008 på BTV!

- MM- sending, torsdag 13.03

- MM- sending, fredag 14.03

- MM- sending, mandag 17.03


- Andre reportasjer:

- Frå konserten på Hanguren med Terje Isungset/ Lena Nymark

- Frå Badnajazz, Mølstertunet

- VB Høgdepunkter

- VB, Hanguren, Karin Park og Ivar Kolve

 

PressekonferanseStrålande resultat for Vossa Jazz 2008

Dagleg leiar Trude Storheim og styreleiar Magne J. Kalstad informerte om statusen for årets Vossa Jazz. Kalstad ville ikkje gje konkrete tal, men kan stadfesta at billettsalet har auka frå sist år, og budsjettet er i boks. Økonomisk balanse var utgangspunktet, og dette vart oppnådd. Målet er å gradvis byggja opp ein solid økonomi over tid, og med stødige sponsorar i ryggen kjenner styret seg trygt. - Skuta har definitivt snudd, samtykkjer Trude Storheim, som elles hadde berre godord å sei om avviklinga. Både musikalsk og stemningsmessig har helga vore heilt på topp. -Vossa Jazz-ånden er tilbake, seier Storheim. Bilete i full storleik kan ein finna under linken konsertbilete.

Tore BrunborgEin vossing på tampen av Vossa Jazz

Det lid mot slutten av festivalen og Tore Brunborg har vore i sving fleire gongar denne helga. Sundag kveld var det saksofonisten sin eigen trio som stod klar på scena. For dei med god festivalform som framleis held koken, var det eit kjekt gjensyn. Trion briljerer med teknikk og kunstnarisk utrykk - eit uttrykk som gjorde inntrykk!

 

 

Melford ElrichPianomagi frå Lynne Arriale

Frammøtte i frakten søndag fekk høyre nydeleg jazz framført av Lynne Arriale akkompagnert av Dejan Terzic på trommer og Jonathan Burr kontrabass. Lynne viste seg som ein fantastisk pianist og komponist. Trioen spela både rolege og vakre, men også raskare låtar. Publikum var stornøgd og særleg imponert over dei overveldande piano- og trommesoloane.

 

 

Berit OpheimTil Per og til mange fleire

Både vossingar og besøkjande oppsøkte Vangskyrkja for å få med seg Berit Opheim og hennar tolkingar av Per Indrehus sine komposisjonar med tekstane til Olav H. Hauge som bakgrunn. I tillegg til ein rørande og fin konsert kunne publikum som var tidleg ute sikra seg ein CD med eit utval av songane. Denne konserten markerte lanseringa av plata «Song, trø lett på hjarta mitt».

 

 

Melford ElrichMyra Melford / Marty Ehrlich Duo

Søndag formiddag var det klart for konsert med Myra Melford / Marty Ehrlich Duo i Osasalen. Dei frammøtte fekk ein nydelig konsert med ei god blanding av komponert og improvisert matriale. Både Myra Melford på Piano og Marty Ehrlich på altsaksofon og klarinett briljerte med soloar til stor begeistring for publikum.

 

 

BadnajazzBadnajazz på sundag:

stor konsert for små tilhøyrarar Eplemøya songlag fortalde eventyret om Skrikarungen og den kule Pannekaka som legg ut på leit etter venen sin Reven. Det blei ei spanande reise. På vegen fekk dei hjelp av Pål sine detektivhøner, Kjerringa som peikar med staven og Blåmann i Speglskogen. Skrikarungen og Pannekaka song seg gjennom hinder og farar. Voss Barnekantori gjorde ein strålande jobb, spesielt imponerte dei fire solistane. Hans Martin Austestad imponerte også stort som beat box.

 

 

Brooklyn Funk EssentialsTaket letta i Vossasalen

Laurdag kveld leverte Brooklyn Funk Essentials ein strålande konsert til eit ellevilt publikum. Med funky, hip-hop og reggaebaserte songar, var det duka for dans og romperisting i Vossasalen, og det tok ikkje lang tid før publikum fekk fart på dansefoten. I to heile timar spelte Brooklyn Funk Essentials fartsfylte songar til ein stappfull sal. Når kvelden var omme var publikum desperat for meir, og taket nærast letta i Vossasalen då bandet, med vokalist Papa Dee i spissen, entra scenen to gongar for ekstranummer.

 

RäfvenFeststemning med Räfven!

Räfven spela laurdag sin tredje konsert på vossa jazz, og det er ikkje utan grunn at dette bandet har fått så mykje speletid. Dei er ein eksplosjon av eit sceneband med godt humør og blei fort ein av publikumsfavorittane på festivalen. Den uhøgtidelege og energiske væremåten på scena smitta over på publikum som hadde vanskelig for å halde dansefoten i ro, og då konserten var ferdig blei dei nærast nekta å gå av scena utan å framføre opptil fleire ekstranummer. Räfven spelar ei god blanding av svensk og aust-europeisk folkemusikk med eit voldsomt tempo og engasjement.

 

DeodatoDeodato Siquir & Balanco

Laurdag kveld var det duka for afrikanske rytmer i Vossasalen og frontmann i bandet, Deodato Siquir, overbeviste publikum med sine sterke komposisjonar. Eit av høgdepunkta var då Jorge Bezerra viste sin briljans på perkusjon, til stor jubel for publikum. Deodato Siquir & Balanco viste ei enorm speleglede gjennom heile konserten, noko som smitta over på dei mange framøtte.

 

 

Roy NathansonRoy Nathanson's Sotto Voce

Vossa Jazz lova ei oppleving av dei sjeldne og Nathanson leverte ei herleg blanding av dikt, song og improvisasjon. Med lun humor og personlegdom leia han eit jazzkresent og engasjert publikum gjennom refleksjonar over livet og turar på undergrunnen. Publikum visste kva dei kom for og Nathanson skuffa ikkje. Frå scenen kom leiken improvisasjon og strålande spel. Publikum svara med høge tilrop, plystring og spontan klapping. Napoleon Maddox som human beat box tilførte konserten ein eigen dimensjon.

 

 

Anekdote-meisteren

Den største overraskinga under konserten med Jan Eggum var nok at Karin Park tok turen opp på scena for å synge ein av sine Eggum-favorittar. For elles var det akkurat slik det skulle vere på ein Eggum-konsert. Kjente og kjære melodiar kom på løpande band, berre avbrote av små historier som artisten meir enn gjerne delte med publikum. Nok ein gong viste Eggum seg som ein stor humorist og historieforteljar. Humoren er lun og knusktørr, og saman med dei mange hitane skapte det ei svært så triveleg stund for eit lokale som var fullstappa med folk, nesten opp til taket.

By Any MeansIndividualistanes time

”By any means” med Rashied Ali, William Parker og Charles Gayle er i høgste grad med på å gjere Vossa Jazz til ein jazzfestival som ein skal rekne med. Dei tre karane har i ei årrekkje dominert den moderne jazzen på kvar sin måte, og laurdag sto dei tre saman på scena i Fraktgodsen framfor eit publikum som visste kva dei ville ha.

 





TinginsverketMagiske Gustavsen

For meir bilete trykk her. Der kan du også finna bilete frå overrekking av Vossajazzprisen. Vossasalen var fylt til randa då Tord Gustavsen framførte tingingsverket ”Restar av lukke - Bitar av tru”. Gustavsen har søkt å fordjupe og samansmelte nokre av dei sterke musikalske dialogane han har vore involvert i dei siste åra. Med seg på scenen hadde han saksofonist Tore Brunborg, trommeslagar Jarle Vespestad, songar Kristin Asbjørnsen, bassist Mats Eilertsen og skodespelar Cecilie Jørstad. Resultatet er ei gripande musikalsk feststund. Alt frå første tone vart publikum fengsla i ei poetisk og melankolsk verd. Gjennom vakre melodiar og vare tonar, kombinert med underfundige tekstbitar frå William H. Auden og Lars Amund Vaage sin poesi, tok komponisten oss med på ei magisk reise.

Kolve ParkNydelege tonar på Hanguren

Svært mange hadde funne vegen opp til gratiskonsert i Hangurskafeen laurdag ettermiddag. Trioen med Ivar Kolve på tangentar, Karin Park på Vokal og Ole Marius Sandberg på kontrabass framførte roleg melankolsk jazz og vakre viser. Det heile blei ein flott konsert med dyktige musikarar og god stemning og Hanguren som perfekt ramme rundt det heile. Bilete: Svein Ulvund, vossnow.net

 

 

UngdomssatsingaUnge jazzmusikarar i storslag

Ungdomssatsinga er eit samarbeid mellom Vossajazz, Voss Skulemusikk, Rockeklubben, Drilljentene og Voss kommune, for å pressentere unge og lovande musikarar frå Voss. Dette prosjektet vart ein kjempesuksess med stort oppmøte. Skulemusikken sjarmerte med sine coverlåtar av Beatles og Neil Young kor dei stilte med både elgitar, elbass, fiolin og full blåserekkje. I tillegg hadde drilljentene eit lite show på ein av sangane. Plateaktuelle Superplain frå rockeklubben spela melodiøs electrorock, medan Smiletones frå Voss Gymnas imponerte publikum stort med sine jazznummer framført akkurat slik publikum vil ha det.


Isglem

 

 

 

 

Kjempeoppmøte på Badnajazzen!

Laurdag føremiddag møtte 285 forventingsfulle born og vaksne opp til konsert og leik på Mølstertunet. Før konserten var aktivitetsnivået høgt, med blant anna hesteskokasting, ansiktsmåling og einhjulsykling på programmet. Aktivitetsnivået gjekk ikkje akkurat ned då Isglem- konserten starta! Terje Isungset og Karl Seglem la opp til ein konsert der publikum i høg grad deltok, og borna fekk prøve seg på mange av dei rare instrumenta deira. Eit av høgdepunkta var då Isungset og ein liten gut utførte ein ”rap battle” på hønsespråk, til stor latter for publikum. Nydeleg ver og høg trivselsfaktor var stikkorda for årets Badnajazz!

WallumrødWallumrød i Osasalen

Nok ein fullsatt Vossa Jazz-sal og Christian Wallumrød skuffa ikkje eit publikum med forventningar om nyskapande jazz. Eit svært samspelt ensemble sytte for akkompagnement til Wallumrød sine komposisjonar. Ei stille, men samstundes kraftfull oppleving i Osasalen.

 

 

 

BadnajazzJazz og sirkus for folket

Badnajazz arrangerte tog frå torget på Vossevangen laurdag føremiddag. Saman med oppjazza foreldre, gjekk borna gatelangs til musikken frå nokre av Räfven sine gladmusikantar. Det svenske humorbandet, som du óg kan oppleva på Pentagon i kveld, spela til dans frå balkongen framføre ei stor gruppe entusiastiske jazzhøyrarar. For konsertbilete frå utekonserten og andre konsertar, bruk linken til venstre.

 

 

MiljoprofilVossa Jazz styrkar miljøprofilen

Om du tek deg ein tur rundt om på dei ulike scenene på årets festival, vil du finne at dekoravdelinga har vore både kreative og miljøvenlege. Bodskapen er klar: Gå retro, bli grøn! – Me ønskjer å rette fokus på verdien i gamle ting, og å ta vare på miljøet. I år er all dekor laga av andre folk sitt bos, forklarar Janicke Rolland, Vossa Jazz sin dekoransvarleg. Festivalen samarbeidar med Indre Hordaland Miljøverk og har fått tilkøyrt både møblar og tekstilar frå miljøstasjonen deira. I tillegg har festivalen fått låne mykje frå FreTex. Sett i ein ny kontekst, har det som ein gong var parkert og gløymt, no fått eit nytt liv på jazzen. Dekoravdelinga har leikt seg fram med sine nyvunne skattar, noko som mellom anna har resultert i ein skigard av gamle ski på Hanguren og eit lyspæretre i Fraktgodsen. Og miljøprofilen stansar ikkje ved dekor: Vossa Jazz nyttar berre resirkulert papir til plakatar og programblad. Festivalen er også oppteken av kjeldesortering og ber både medarbeidarar og publikum om å nytte seg av bosstasjonane som er sett opp rundt om på festivalområdet. Bilete: Vidar Herre, Hordaland.

 

 

 

Farmers MarketFarmers Market – mangfaldig briljans

Ein fullsatt og fullståande Vossasalen fekk nett det dei ville ha og endå litt til med virtuosane i Farmers Market. Bandet spelte nye og gamle låtar om ein annan og alle til jubel og applaus. Det etterkvart rutinerte ensemblet hadde med seg ein ny «bonde», Filip Ankov Simeonov på klarinett. Det er vanskeleg å plukka ut høgdepunkt frå ein så til dei grader energisk og velspelt konsert. Publikum var übernøgd og fyrste dagen av Vossa Jazz vart avslutta med musikk verdig 35-årsjubileet og vel så det.

 

 

Nymark CollectiveNymark Collective med Kristin Asbjørnsen

Då supergruppa Nymark Collective og Kristin Asbjørnsen i 2005 blei invitert til å halde ein tingingskonsert med den gamle blueslegenda Bessie Smith sitt materiale hausta dei stor applaus og merksemd. I går spela dei for jazzglade vossingar i ein vakker konsert med både jazzballader inspirert av Smith og ein del eigenkomponert musikk. Kristin Asbjørnsen har tolka Bessie sine slagarar på sin eigen måte, med god hjelp frå dei fire i Nymark Collective. Kristin si unike stemme, Kåre Nymark sin jamrande trompet og Tord Gustavsen sitt improviserande pianospel gjorde det heile til ein gnistrande konsert med fengande jazztakter.

Love VandermarkGalskap frå the EX

Dei to amerikanarane Love og Vandermark har i år fått med seg forsterkningar på gitar frå det nederlanske bandet The Ex. Saksofonisten Ken Vandermark og den heilt råe trommeslagaren Paal Nilsen-Love spelar ville trommegroovar og energiske rytmar med melodiøse innslag på saksofon. Når dette i tillegg blir blanda med lyden av improvisasjon, lyd og støy frå dei to galne gitaristane i the Ex, fekk dei frammøtte i Frakten i går ein konsert med energinivå over dei fleste.

 

 

HaddyKarismatiske Haddy N'Jie

Haddy N'Jie sjarmerte anmeldarar og publikum ned i senk på Hot Spot på Fleischers. Dama har både sjarm og ei fantastisk stemme, som bringer tankane til artistar som Tracy Chapman og Nina Simone. Ho har ei historie å fortelja, og presenterer dessutan eigne og meiningsfulle tekstar. Det gjer ekstra stjerner i boka hjå jazzpublikum på Voss.

 

MolværGlitrande Molvær

Etter at Varg Veum opna på nynorsk, fulgte Nils Petter Molvær opp med nye tonar på Vossa Jazz. Du finn meir bilete under linken konsertbilete.

IsungsetVakker nattkonsert på Hanguren.

Torsdag kveld tjuvstarta Vossa Jazz med perkusjonist Terje Isungset og songar Lena Nymark i ein iskonsert under open himmel på Hanguren. Alle instrumenta Terje spela på var laga av is, og stemninga var magisk då klangen av istappar breidte seg ut blant publikum. Terje spela på istrommer, ishorn og isxylofon, eller isofon som han sjølv kallar det, medan Lena Nymark sang. Dei framførte eit stille og melankolsk matriale komponert av Isungset sjølv. Litt humring oppstod også i publikum under dei noko underlege lydane Terje framkalla på ishornet sitt, og då han litt seinare proklamerte at viss nokon trudde det var kaldt å blåse i eit ishorn, så hadde dei heilt rett i det! Mange lot seg elles imponere av den fine klangen isen gav, og ikkje minst basstromma sin djupe lyd. Lena sin klare song og den spesielle lyden av is gav dei om lag 200 frammøtte ein stemningsfull konsert, i måneskin, med lys frå vossebygda skimtande i bakgrunnen.

 

medlemskortVossa Jazz med fint overskot i 2007.

Styret i Vossa Jazz har på styremøtet 9. mars handsama årsrekneskapen for rekneskapsåret 2007, og er svært glade for å kunna fastslå at det økonomiske resultatet vart eit overskot på kr. 367 834,-. Styreleiar Magne J. Kalstad seier at dette er resultat av eit målretta arbeid frå alle som engasjerte seg i å gi festvalen ein sikrare økonomisk ståstad. Det gjeld både med omsyn til den økonomiske rednings-aksjonen, men kanskje vel så mykje ein fantastisk innsats i gjennomføringa av festivalen. Les heile


deodatoFunky som f.. i Vossasalen!

Det etterkvart vidkjente publikumsfavorittbandet Brooklyn Funk Essentials (BFE) kjem til Voss i samband med Europa-turne og ny plate. Dei feirar 15 år med drivande konsertverksemd for haugevis med begeistra lyttarar og kjem samstundes ut med nytt studioalbum, "Watcha playin'". Plata er den fjerde ordinære utgjevinga frå den New York-baserte gruppa med utspring i den hiphop-påverka jazzscena tidleg på 90-talet. «Watcha playin» er eit utførleg stykke lydparadis med mesterleg arring og spenstige melodiar. Mesteparten av materialet vart testa ut på gjenforeiningsturneen deira i 2007 og spelt inn i New York, Paris, Amsterdam, Istanbul og Stockholm, noko som har gjeve plata eit urbant preg. Kva kunne passa betre på Voss enn dette? Etter suksessen på Nattjazz i fjor kan dette berre bli kanonbra!


L
ast ned heile programmet som PDF (4MB) her!

 

Les meir