Ungdomssatsinga UNGjaJAZZja starta hausten 2007 i samarbeid med Voss kulturskule, Voss Rockeklubb og Voss skulemusikk. Det har vore tilbod om individuell opplæring på gitar, piano, trommer og saksofon og ikkje minst samspelgrupper gjennom året.
I samband med festivalen har musikkstudentar ved Jazzlinja i Trondheim dei siste åra hatt både konsert og verkstader, i tillegg til at ungdommane sjølve har halde konsertar og det har vore skipa til konsertar spesielt tilrettelagt for denne gruppa. Det har òg vore tilbod om verkstader og konsertar elles i året.
UNGjaJAZZja! 2012:
Fredag 30. mars kl. 13:00 i festsalen på Park (er flytta frå Fraktgodsen):
Jazzlinja i Trondheim: "Drifstoff"
Etter konserten vert det verkstader på gymnaset.
Laurdag 31. mars kl. 15:00 i festsalen, Park:
ImproVision
Sundag 1. april kl. 11:00 på Tre Brør Café:
Kitsch
Sundag 1. april kl. 16:00 i festsalen, Park:
Voss Jazzskule
Kulturkortet for ungdom:
Med Kulturkortet har du desse fordelane på årets Vossa Jazz:
- Jazzintro med Duplex og Bodvar Tornes Trio laurdag kl. 11:00: GRATIS (ord. pris 100,-)
- Bugge Wesseltoft sundag kl. 15:00: Kr 150,- (ord. pris kr. 250,- + gebyr). Billetten kjøpast på billettkontoret på Park under festivalen.
- Voss Jazzskule sundag kl. 16:00: GRATIS (ord. pris kr. 50,-).


