Me ynskjer å skapa ein stad der me alle kan tilbringa tid med vener og familie - eller åleine over ei avis. Me legg vekt på å servera den beste teen og kaffien - kom gjerne innom og avgjør det sjølv. Maten vert laga med flest mogeleg kortreiste og økologiske råvarer og den heimelaga sjokoladekonfekten vår forfører dei fleste.
Målet vårt er å bidra til å gjera Voss til ei interessant og levande bygd. Me arrangerer konsertar og andre aktivitetar fleire gonger i månaden. Følg med på "aktivitetar" på nettsidene våre eller bli tilhengar på vår Facebook profil for å få med deg det som skjer.
Du finn oss på kafeen dei fleste dagar, der me ser til at kafeen held høg standard og at du kjenner deg velkommen. Saman ynskjer me at Tre Brør skal vera din "heim utanfor heimen".

