Opningstale 2009

Av og med Arne Hjeltnes:

VossaJazz

Midt mellom fjella, der verda er vidast,
Og Vangsvatnet speiglar gråsio klår
Blant silo og lembing i spelemannsbygda
No er det Jazz. No er det vår.

Jazzen er open og Voss er global
Farande folk i frå steppe og dal
Afrikanar og russar, vaksdøl, og sik
Og fire på sykkel frå Kinsarvik.

Brooklyn, Bulkjen
Rio, Rong
VossaJazz
trettisjette gong.

Backstage er catering-hove frå Løno
Eit svidd eit til kvar, er vanleg rasjon,
Den kan vera tøff, vår tradisjon
Van Morrison stogga på Bulken stasjon.

I salen groovar sindig vossing
Kyten, Himlen, Lemmen
Ullestad og Tvilden
Trude, Daffen
– Prikken Seim
Høyr den feite saxen
Kolven har tatt turen heim.

Steps ahead,
blues and swing,
Hit that horn
Pass the kling.
-Huckelberry Mosafinn

Ivar Kvåle, Chick Korea,
Ole Thomsen, Robert Cray,
Balke, Brunborg,
Dexter Gordon
Indrehus og Stevie Ray.

Kjenga full og boppen glad
På Park er veret alltid bra
Palmahelga, år for år,
Jazzen kjem til bygda vår,
Men kjeme jazzen berre då,
Eller er det her den kjem ifrå?