Vossa Jazz vert i dagane 30. mars - 1. april 2012 skipa til for 39. gong. Festivalen er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert tingingsverk og andre prosjekt. Den musikalske profilen omfattar jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Badnajazz, ungdomssatsinga UNGjaJAZZja, Eldrejazz og Ekstremjazz er alle viktige element i festivalen.
Film for Vossa Jazz frå Ingrid Spildo Film på Vimeo.
I vedtektene heiter det m.a.: ” Vossa Jazz skal ha som føremål å stimulere interessa for jazz og nærliggande musikkformer både for tilhøyrarar og aktive musikarar.”
