Vert du med på STEVnemøte?

Småkvedarane på øving med Kari Finne Sognnæs og Sissel Saue

STEVnemøte er ein konsert der ulike stev vert pakka inn av fantastiske musikarar, og med på laget er småkvedarane på Voss.

Fredag 5. februar kan du få med deg konserten som finn stad på Park Hotel Vossevangen klokka 17:30. Ole Hamre og Sissel Saue leiar konserten, og med seg har dei Per Jørgensen (trompet), Snorre Bjerck (trommer), Kato Ådland (gitar) og Harald Dahlstrøm (keybord).

Konserten er eit samarbeid med Bergen Jazzforum og den musikalske stamvegen. Vert du med på STEVnemøte?

På framsida no

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Karin Krog og John Surman om Vossa Jazz:

Karin Krog og John Surman

John Surman: «Tidleg på åttitalet inviterte Vossa Jazz Bengt Hallberg, Karin og meg til å førebu eit spesialprosjekt saman med eit kor. Arenaen var kyrkja, noko som til då ikkje hadde vore vanleg.

Seinare har me spela med Bergen Big Band på Vossa Jazz, så Karin og eg har gode tradisjonar her. Det er difor spennande å bli invitert til å stilla med heilt eige stoff og me ser begge fram til å returnera til festivalen med tingingsverket».

Og Karin Krog supplerer: «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Vossa Jazz og går til oppdraget med spenning og glede». Me ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende