Tore Brunborgs Scent of Soil

Tore Brunborg og Kirsti Huke skal setja saman eit nytt prosjekt med nyskriven musikk til festivalen. Scent of Soil er tittel på dette prosjektet der Brunborg har med seg Kirsti Huke som medkomponist og musikar. I tillegg skal Petter Vågan, Rune Nergaard og Gard Nilssen vere medmusikantar. Alle tilhøyrer toppsjiktet av jazzmusikarar i landet og dekker eit breidt generasjonsspekter.

Det musikalske landskapet til Scent of Soil vi til tider vera tungt og rocka, men samstundes bera preg av at jazzmusikarar spelar i bandet. Bandmedlemmane har alle jobba mykje med sjangeroverskridande musikk, og referansane til den alternative rockescena er mange og sterke.

Som namnet tilseier, er natur ei viktig inspirasjonskjelde med tanke på både tekstmateriale og musikk. Likevel er ikkje dette eit moralsk prosjekt, men meir ei kjærleikserklæring til naturens mange sider. Konserten vert urframført under Vossa Jazz 2010.

Tore Brunborg - saksofonar, fløyter, tangentar, komponist
Kirsti Huke - vokal, tangentar, autoharpe, komponist/tekst
Petter Vågan – gitar
Rune Nergaard – bass
Gard Nilssen – trommer

http://www.torebrunborg.com/
http://www.kirstihuke.com/

English:
Tore Brunborg & Scent of Soil

Please welcome to the stage: Tore Brunborg & Scent of Soil! Although an ensemble of accomplished jazz musicians the musical landscape is fairly heavily influenced by their keen interest in alternative rock and other less describable genres. As can be denoted from the name, another important source of inspiration for Scent of Soil is nature, not so much the moral aspect as a pure hommage to the splendour of Mother Earth.

 

Kjøp billettar til denne konserten her.

 

På framsida no

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Karin Krog og John Surman om Vossa Jazz:

Karin Krog og John Surman

John Surman: «Tidleg på åttitalet inviterte Vossa Jazz Bengt Hallberg, Karin og meg til å førebu eit spesialprosjekt saman med eit kor. Arenaen var kyrkja, noko som til då ikkje hadde vore vanleg.

Seinare har me spela med Bergen Big Band på Vossa Jazz, så Karin og eg har gode tradisjonar her. Det er difor spennande å bli invitert til å stilla med heilt eige stoff og me ser begge fram til å returnera til festivalen med tingingsverket».

Og Karin Krog supplerer: «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Vossa Jazz og går til oppdraget med spenning og glede». Me ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende