
«Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. Årets prisvinnar har i mange år markert seg som ein solid utøvar, med ei allsidig verksemd innanfor mange sjangrar. Årets prisvinnar er ein av våre finaste instrumentalistar. Gjennom sine eigne prosjekt har han vore sentral i landsdelen i mange år. I sitt samarbeid med ein annan ung artist har prisvinnaren etter juryen sitt syn funne noko av det vakraste i jazzen. Den 23. Vossa Jazzprisen går til trollmannen på strenger,
Stein Urheim.»
Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland Fylke. Prisen er på kr.25.000,- samt eit innramma trykk av årets Vossa Jazz-plakat, «Møte med veggen» av Vidar Herre.












