Noora Noor

Noora Noor er i ferd med å markera seg som ein av Noregs store R&B-artistar. Etter ei tid vekke frå rampelyset kom ho tilbake med ein smell i fjor og albumet «Soul deep» som var produsert i California med eit knippe særs habile soul- og bluesmusikantar frå USA. Albumet inneheld både eigenkomponerte låtar samt personlege favorittar som Noor tolkar på sitt eige vis. Kritikkane har vore overveldande og under By:larm 2009 fekk Noora Noor terningkast 6 i Dagsavisen: « En av de mest gledelige konsertbegivenhetene under årets By:larm var Noora Noors retur til rampelyset som Norges soul-dronning».

Vossa Jazz er svært nøgd med å booka Noora Noor!

Noora Noor - vokal
André Viervoll – keys
Andreas Brattlie – trommer
Bjørn Einar Hanstveit – perkusjon
Jørn Fodnestøl – gitar
Håkon Rasmussen – bass
Ingun Kvamme Dallan – kor
Rikke Normann – kor
Mariann Pentha - kor

www.nooranoor.com

English:
Noora Noor

Noora Noor has already had a extensive career in Norway, and after a few years hiatus she's back with a vengeance. Her latest album «Soul deep» got raving reviews and her live performances are famous, especially after last year's show in Oslo during the annual presentation of the latest, hot stuff on the Norwegian scene. Vossa Jazz was quick to book her after this. Be prepared for steaming R&B and a crowded house!

Kjøp billett til konserten her.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende