Motorpsycho & Supersilent

Motorpsycho & Supersilent

Motorpsycho og Supersilent er to grupper som på kvar sin rockekant og jazzkant nyt mykje merksemd. Då Supersilent feira sitt 10 årsjubileum i 2008, inviterte dei Motorpsycho med på laget for høvet. Konserten skulle vera eit eingongstilfelle, men med Rikskonsertane i ryggen kunne prosjektet vedvara til glede for både dei sjølve og publikum rundtom i landet.

Musikalsk vil dette spenna frå Supersilent sitt vare og søkjande utrykk til Motorpsycho sitt fengande, melodiske og hardtslåande univers. Vossa Jazz er stolt av å ha denne spennande konstellasjonen på programmet. Dei appellerer til eit breidt publikumsegment og har ein fast, dedikert og stor tilhengarskare – denne skaren og andre nysgjerrige kan få med seg kalaset under årets Vossa Jazz!

Motorpsycho:
Bent Sæther - bass
Hans Magnus ”Snah” Ryan - gitar
Kenneth Kapstad - trommer
Pekka Stokke - video- og lysdesign

Supersilent:
Arve Henriksen – trompet
Ståle Storløkken – tangentar
Helge Sten (Deathprod) – elektronika,

http://www.myspace.com/motorpsychopage
http://www.supersilence.net/

English:
Motorpsycho/ Super Silent

One of the most anticipated gigs this year is undoubtly the combo Motorpsycho/ Super Silent. Experimental rock phenomenon Motorpsycho is joining forces with experimental jazz noise makers Super Silent and the result will be both exhilarating, challenging and mind-blowing. And that's not even exaggerating!

Billettar til denne konserten = huskort fredag.

 

På framsida no

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Karin Krog og John Surman om Vossa Jazz:

Karin Krog og John Surman

John Surman: «Tidleg på åttitalet inviterte Vossa Jazz Bengt Hallberg, Karin og meg til å førebu eit spesialprosjekt saman med eit kor. Arenaen var kyrkja, noko som til då ikkje hadde vore vanleg.

Seinare har me spela med Bergen Big Band på Vossa Jazz, så Karin og eg har gode tradisjonar her. Det er difor spennande å bli invitert til å stilla med heilt eige stoff og me ser begge fram til å returnera til festivalen med tingingsverket».

Og Karin Krog supplerer: «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Vossa Jazz og går til oppdraget med spenning og glede». Me ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende