Mari Persen

Mari Persen

Foto: Trude Brun Wilhelmsen

Inntil for kort tid sidan var Mari Persen frå Voss ein godt bevart løyndom i musikk-Noreg. Ho har vore delaktig som fiolinist og arrangør på ei mengde kjende produksjonar som Madrugada sin “Lift me”, John Olav Nilsen & Gjengen sin hit “Diamanter og kirsebær” og “Good luck” med Sondre Lerche, for å nemna nokre.

Så kom soloplata i 2009 til stormande jubel og innpass på NRK sine spelelister. Dagladet kalla plata “en nytelse” og Aftenposten “en liten forundringspakke” etterfulgt av terningkast 5. Vokalisten og fiolinisten byr på herleg pop-noir ispedd Disney-stemning. I lydlandskapet får du høyre Mari som multi-instrumentalist på mange av låtane. Ho syng, spelar piano, akustisk gitar, orgel, Fender Rhodes og fiolin.

Godt inspirert av eit lengre opphald og tangostudier I Buenos Aires samt ei oppriktig interesse for easy-listening, så er det duka for hygg, kos og høg kvalitet når vossingen tek musikken med på heimebane!

Mari Persen - vokal, piano, akustisk gitar, orgel, Fender Rhodes og fiolin
Heine Bugge - trekkspel
Rune Solberg - bass
Tarald Tvedten - trommer
Tommy Haltbakk - gitar

www.myspace.com/maripersen

English:
Mari Persen

Last year saw the fairly well-hidden treasure from Voss, Mari Persen, revealed as she released her debut album. Having formerly worked as a string arranger on profiled rock acts Madrugada and Sondre Lerche as well as fiddle player and singer on various projects, she now immersed with self-penned songs influenced by both Disney cartoons and the streets of Buenos Aires, where she lived and studied for a while. The result is as eclectic and exciting and the album received outstanding reviews. Why not eat breakfast out this Saturday morning? Good food and good music was never a bad combination!

Tre Brør Café laurdag kl. 10:30. Billettsal under festivalen.

På framsida no

Argentinsk aften på Ringheim kafe

Libertango

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!

Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.

Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!

Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar

Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra. 

Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Ekstremt vakkert ved Raundalselva

Eldbjørg Raknes

Foto: Terje Nesthus 


Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.

Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

 

 

Ekstremjazz er flytta!

Eldbjørg Raknes

Urdland klokka 13:00

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved  Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.

Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.

Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.

Konserten er gratis.


Velkomen!

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

Ekstremjazz

Eldbjørg Raknes

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende
Bergens Tidende