Det er med stor glede og forventning at Vossa Jazz presenterer Mari Boine. I 25 år har ho vore den leiande artisten innan samisk musikk, og er uansett sjanger ein av dei største artistane landet har fostra.
No har Mari Boine gitt ut ny plate, den niande i rekka. «Cuovgga Áirras (Sterna Paradisea) er nok eit ulmande, lite meisterverk. Boine er noko av det mest særeigne og personlege me har på den internasjonale musikkscenen» skreiv mellom anna Aftenposten i si anmelding. Ho har fornya joik og modernisert samisk musikk ved å blanda inn impulsar frå andre sjangrar, og det er nok denne kombinasjonen som gjer at ho klarar å appellera til eit breidt publikum – gong på gong. Ein oppfattar det såre i tekstane sjølv om ikkje alle forstår samisk.
Denne unike evna til å formidla tek Boine med seg til Vossa Jazz og Vossasalen sundag 28. mars - til ein konsert som garantert vil bli ståande som eit av festivalen sine høgdepunkt i år.
Mari Boine - vokal
Ole Jørn Myklebust - trompet
Svein Schultz - bass
Georg Buljo - gitar
Gunnar Augland - trommer
Johan Berntsen - lyd
English:
Mari Boine
For 25 years Boine has been an artist and embassador for Sami music and regardless of genre, one of Norway's finest singers. Her music has always been fiercely proud of her heritage, seeking to celebrate Sami culture while bringing it to a wider audience, fired initially by her anger at the contemporary treatment of their traditions. Her 9th album «Cuovgga Áirras» (Sterna Paradisea) is yet an example of this. The great reviews should be further evidence that she does not rest on her laurels. Do not miss out on one of Vossa Jazz's highlights this year!












