
Tine Taule i PRINCE Generations
5. joledag vart tradisjonen tru Jolajazz skipa til. Det var isande kaldt ute, men inne var det varmt og godt. Den yngre garde drog i gang ballet; jentebandet Sister Sadie etterfulgt av Nightlights, syner at det gror godt blant jazztalenta i Vossabygda.
Trioen Klovning / Tveite / Jensen, som er studentar frå Jazzllnja i Trondheim og Griegakademiet i Bergen, skapa magi. Det nystarta bandet D`FUNKER, Olav Undeland, Novgorod, Bitu and the bandits og Prince Generations sytte for at det vart servert funk, jazz og blues som fekk eit feststemt publikum til å dansa jolas freistingar ut av kroppen og få nytt musikalsk påfyll. Godt å ha med seg inn i det nye året!












