GammalGrass

Luke 2 - 2009

Gammalgrass er ein supertrio i ordets rette forstand. Stian Carstensen (Farmers Market, Mike Patton, Joshua Redman), Ola Kvernberg (Hot Club de Norvege, Jimmy Rosenberg) og Ole Morten Vågan (Motif, Bugge Wesseltoft) gjer seg bluegrassen, folkemusikken og ein heil del anna i vold.

Trioen er eit sprudlande ensemble som med humor og overskot tek oss med på ei reise i eit hittil lite utforska musikalsk landskap, der dei fleste taktar og sjangrar blir utsett for meir eller mindre respektlause tolkningar.

Om ikkje bandet er kjent for alle så skuldar dei sjølve på at det grunnast deira rolle som nachspielband, men etter ein allereie sagnomsust opptreden på By:larm 2009, som òg vart sendt på folkemusikktimen i NRK, så byrjar oppdraga å renna inn og karane har meir enn nok å gjera. Det er vel så vidt dei kjem seg på nachspiel sjølve ein gong.

No planlegg Gammalgrass plateugjeving og turnering i Europa. Før dei vert ekkelt kjende og irriterande mykje spelt, få dei med deg på Voss i palmehelga!

 

Stian Carstensen - trekkspel, fiolin, gitar, banjo, fløyte og ei rekkje andre instrument
Ola Kvernberg - fiolin, bass, piano
Ole Morten Vågan - kontrabass

http://www.myspace.com/gammalgrass

English;
Gammalgrass

For those who know just a bit about the Norwegian jazz scene, the three members forming Gammalgrass should be familiar: Stian Carstensen (Farmers Market, Mike Patton, Joshua Redman), Ola Kvernberg (Hot Club de Norvege, Jimmy Rosenberg) and Ole Morten Vågan (Motif, Bugge Wesseltoft). They have slightly abandoned jazz in its strict sense to give you a fierce performance where bluegrass and folk music are essential ingredients. Get ready for a show-off gig not often seen in any necks of any woods!

Billettar til denne konserten = huskort laurdag.

På framsida no

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Karin Krog og John Surman om Vossa Jazz:

Karin Krog og John Surman

John Surman: «Tidleg på åttitalet inviterte Vossa Jazz Bengt Hallberg, Karin og meg til å førebu eit spesialprosjekt saman med eit kor. Arenaen var kyrkja, noko som til då ikkje hadde vore vanleg.

Seinare har me spela med Bergen Big Band på Vossa Jazz, så Karin og eg har gode tradisjonar her. Det er difor spennande å bli invitert til å stilla med heilt eige stoff og me ser begge fram til å returnera til festivalen med tingingsverket».

Og Karin Krog supplerer: «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Vossa Jazz og går til oppdraget med spenning og glede». Me ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende