Espen Eriksen Trio med Eva Bjerga Haugen

Espen Eriksen Trio er ein lyrisk pianotrio med stor publikumsappell. Musikken er trygt forankra i jazztradisjonen, men hentar òg inspirasjon frå ulike typar populærmusikk og klassisk musikk. Musikarane har brei musikalsk bakgrunn frå jazz og pop/rock og er kjende frå samarbeid med blant andre Gunnar Halle, Christina Bjordal, Bugge Wesseltoft, Knut Reiersrud og Briskeby. Eva Bjerga Haugen er utdanna jazzvokalist frå Jazzlinja ved UiS og blei av Jazznytt i fjor presentert som eit namn å halda auge med framover. 8. mars 2010 slepper Espen Eriksen Trio plata ”You had me at goodbye” på plateselskapet Rune Grammofon så Vossa Jazz er tidleg ute for dei som vil få med seg konseptet live!

Espen Eriksen – piano og komposisjon
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Andreas Bye – trommer
Eva Bjerga Haugen – vokal

http://www.myspace.com/espeneriksen

English:
Espen Eriksen with Eva Bjergan Hauge

This new constellation is put together by experienced musicians who just a few weeks ahead of Vossa Jazz will release their album «You had me at goodbye» on acclaimed label Rune Grammofon. The collaboration with jazz singer Eva Bjergan Hauge came through the initiative from former Vossa Jazz boss Lars Mossefinn, so a certain anticipation is expected.

Kjøp billettar til konserten her

På framsida no

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Karin Krog og John Surman om Vossa Jazz:

Karin Krog og John Surman

John Surman: «Tidleg på åttitalet inviterte Vossa Jazz Bengt Hallberg, Karin og meg til å førebu eit spesialprosjekt saman med eit kor. Arenaen var kyrkja, noko som til då ikkje hadde vore vanleg.

Seinare har me spela med Bergen Big Band på Vossa Jazz, så Karin og eg har gode tradisjonar her. Det er difor spennande å bli invitert til å stilla med heilt eige stoff og me ser begge fram til å returnera til festivalen med tingingsverket».

Og Karin Krog supplerer: «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Vossa Jazz og går til oppdraget med spenning og glede». Me ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende