Ekstremjazz

Ekstremjazz

Foto: Jan Granlie

Ekstremjazz 2010

 

Me klarer ikkje late vere å boltre oss med dei ressursane me har her på Voss, og Ekstremjazzen satsar som vanleg på ei ny krossovertilskiping med jazz, folkemusikk og ekstremsport. Med utgangspunkt i Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” vil me få høyre ein heilt ny komposisjon der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. Med Voss sin fantastiske natur som bakteppe vil nokre av Noreg og verda sine beste ekstremsportutøvarar krydre det visuelle medan me får høyre Kjempeviseslåtten som utgangspunkt for eit nytt musikalsk skaparverk av Balke. Han stod også i fjor for Ekstremjazzen, og det let til at Voss funkar overvettes bra som muse for den kreative musikaren og ekstremsportutøvaren med mottoet: «Det meste er vanskeleg, men alt er mogleg!» Dei aller heldigaste vil kunne nyte denne opplevinga frå lufta. 30- 50 publikummarar vil nemleg få plass i paraglider-tandem som vil sirkle over og rundt konsertstaden – makan til tribune treng du ikkje eingong prøva å leita etter!

Medverkande:
Jon Balke - tangentar, komponist
Per Jørgensen - trompet
Helge Norbakken - perkusjon
Petter Vågan - gitarar
Snorre Bjerck - trommer
Asle Karstad - lyddesign

For meir informasjon om arrangementet, eller for tinging av ein tur, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

 

English: Extreme jazz

 

Fancy watching jazz musician Jon Balke's take on Norwegian composer Harald Sæverud some 100 yards above ground? Then book fast - about 30 lucky people will join a tandem paraglider to circle over Hanguren mountain! The rest can enjoy the gig for free plus get a nice ride with the cable car uphill.

 

 

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende