Charlie Haden Quartet West

Charlie Haden har som bassist vore ein av klippene i den moderne jazzen. Bandet Quartet West vart starta i 1986 og er utvilsamt hans musikalsk mest tilgjengelege. Charlie Haden vakte oppsikt i New York då han i 1959 vart del av Ornette Colemans kvartett. Han har i ettertid spelt med mange av medmusikarane her, som Don Cherry, Dewey Redman og Ed Blackwell.

Charlie Haden har vore ein etterspurd musikar og har m.a. spelt i Keith Jarret sin kvartett frå 1968 – 73 i tillegg til konsertar og innspelingar med Pat Metheny, Hank Jones og Kenny Barron. Og denne gongen er det altså den utsøkte Quartet West Charlie Haden har med seg til Voss.

Det er ei stor glede for Vossa Jazz å invitera til eit gjenhøyr med bandet. Etter sist besøk kan me berre beklaga at det tok så lang tid å få dei tilbake - men no er Charlie Haden Quartet West klare for festivalen, og det er berre å byrja gle seg!

Opningskonsert fredag 26. mars kl. 19:00 i Vossasalen, Park

Charlie Haden – bass
Ernie Watts – sax
Alan Broadbent – piano
Rodney Green - trommer

English:
Charlie Haden Quartet West

For 2010's opening concert, we are very proud to welcome Charlie Haden Quartet West to the stage. Bass virtuoso Haden originally started up the Quartet West up in 1986. He started out as a bit of a sensation when he entered the Ornette Coleman quartet in 1959 and continued with prominent artists like Don Cherry. Dewey Redman and from 1968-73 with Keith Jarrett. The Quartet West has visited Vossa Jazz before and the only regret here is that it has taken this long for their awaited return. Famous Norwegian author and music buff Frode Grytten holds this year's introducion speech.



 

http://www.charliehadenmusic.com/

Billettar til opningskonserten - gjeld òg som plassbillett

Andre billettar til Vossa Jazz

Plassbillett til opningskonserten - gjester med dagskort eller festivalpass må kjøpa plassbillett for å vera sikra plass til denne konserten.

På framsida no

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata "Restored, Returned" som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; "Tarpan Seasons" var òg nominert. Vossa Jazz - aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist, ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!

Hugs å melda deg på til Vossakveik!

Erik Thorstvedt

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik torsdag 25. mars klokka 16:30–20:00 i Fraktgodsen. Voss kommune byr på smakebitar av lokalprodusert mat. Årets tema er reiseliv, klima og kulturbasert næring. Kan desse einast, eller er det for store motsetningar? I føredragspanelet sit Øystein Dahle, Erik Thorstvedt og Morten Krogvold. Bindande påmelding til kari@vossajazz.no.

Ekstremjazz til vers!

Ekstremjazzen

I år har du høve til å få ein heilt unik publikumsplass under Vossa Jazz! 30 heldige får ta del i ein tandemtur med paraglider som skal sirkla over Hanguren der Jon Balke & co utfører årets Ekstremjazz. Dei utvalde vil - som dei fyrste i verda – få vera med i eit forsøk der ein skal sjå om dette adrenalinkicket påverkar musikkopplevinga!

Hovudkriteria for å delta er å vera under 100 kg, normalt god fysisk form og klinkande edru. Gildet kostar 2500 kr. Musikken er det, i år som i fjor, ekstremsportutøvar og musikar Jon Balke som står for. Med referanser til Harald Sæverud sitt verk ”Kjempeviseslåtten” har Balke komponert eitt musikkverk der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makalaus nyskapande kulturoppleving. For meir informasjon om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på annichen@festivalvoss.no eller tlf 95 13 03 91.

Karin Krog og John Surman om Vossa Jazz:

Karin Krog og John Surman

John Surman: «Tidleg på åttitalet inviterte Vossa Jazz Bengt Hallberg, Karin og meg til å førebu eit spesialprosjekt saman med eit kor. Arenaen var kyrkja, noko som til då ikkje hadde vore vanleg.

Seinare har me spela med Bergen Big Band på Vossa Jazz, så Karin og eg har gode tradisjonar her. Det er difor spennande å bli invitert til å stilla med heilt eige stoff og me ser begge fram til å returnera til festivalen med tingingsverket».

Og Karin Krog supplerer: «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Vossa Jazz og går til oppdraget med spenning og glede». Me ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Vossa Jazz-lauget
Hansa
BKK
Fleischers hotel
Fjordland
Vossevangen hotel
Sparebanken Vest
Sponsorer
Voss energi
Bergens Tidende