Vossa Jazz vil takka musikarar, publikum og medarbeidarar som gjorde årets festival til ei fantastisk oppleving.
Velkomen attende 15.-17. april 2011!
Vossa Jazz vil takka musikarar, publikum og medarbeidarar som gjorde årets festival til ei fantastisk oppleving.
Velkomen attende 15.-17. april 2011!
Juryen grunngjev prisgjevinga slik: ”Dette bandet har vore aktive lenge og heilt frå starten av har me har opplevd dei på ulike scener i bygda. Bandet har vist ei imponerande utvikling den siste vinteren til å meistra og improvisera over stadig meir krevjande komposisjonar.
Etter dagens oppsummering etter nesten overstått Vossa Jazz kunne festivalsjef Trude Storheim og styreleiar Magne Kalstad konkludera med at den 37. i rekka har vore ein suksess.
Går du inn på http://www.vossajazz.no/content/konsertbilete-2010 så finn du konsertbilete frå dei fleste konsertane under årets Vossa Jazz. Bileta kan nyttast fritt så lenge ein krediterar Vossa Jazz og fotografen.

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!
Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.
Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!
Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar
Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra.
Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Foto: Terje Nesthus
Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.
Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.
Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.
Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.
Konserten er gratis.
Velkomen!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.
Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.
Det vert sal av kortreist mat.
Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!