Jeanne Added si stemmeprakt løftar heile Fraktgodsen, det er poetisk sårt og inderleg. Regien har Vincent Courtois og han smeltar rock, pop og jazz i ei herleg og unik blanding.
Jeanne Added si stemmeprakt løftar heile Fraktgodsen, det er poetisk sårt og inderleg. Regien har Vincent Courtois og han smeltar rock, pop og jazz i ei herleg og unik blanding.
Gamalgrass sørga for høg cajun-stemning og stinn brakke. Stian Carstensen er i tillegg til å vera multi-instrumentalist av dimensjonar, kanskje Noregs morsomaste mann, og humoren er eit godt verkemiddel for trioen. I festsalen laurdag spela dei bluegrass og folkemusikk med eit vanvittig driv og det verkar som det går fortare og fortare for kvar song.
Tingingsverket var eit gledeleg gjensyn med to av dei verkeleg store fiskane i jazzdammen. Karin Krog og John Surman presenterte eit knippe nydelege songar i staden for eit heilt verk. Det fungerte godt foran ein fullsett Vossasal.
Ein leiken og godlynt John Surman var verkeleg ein Happy mann i kveld. Han spøka og småprata frå scena og serverte dansande klarinett av verdsklasse.
Laurdag var det rigga for fest på Mølstertunet med Lektor Bjerkes Orkester i fargesprakande kostyme på scena. Tunet var fullt av entusiastiske og musikkglade born som song med av full hals på kjende songar, og stemninga steig langt over dei gamle hustaka.

Libertango held vanlegvis til i Salzburg med lengre periodar i Buenos Aires. For kvelden har bandet forflytta seg til Noreg og Vestlandet og tek sikte på å sprita opp fredagskvelden på beste latinovis!
Gruppa har sitt musikalske utspring i Django Reinhardt, tradisjonell tango, Tango nuevo såvel som eigenkomponerte stykke av den meir improvisatoriske arten. Publikum får dosar av flamenco og fransk musette innimellom dei hjarteskjærande argentinske tangoane som kan fylla augo med tårer og setja blodet i brann.
Gjer dekan klar for ein lidenskapeleg kveld med virtuose musikarar og heftige rytmar!
Sigrid Gerlach Waltenberger: trekkspel
Sabine Linecker: Kontrabass
Michael Brandl : Gitar
Ringheim kafé fredag 10. september kl. 22:00.
Kr. 100, billettsal i døra.
Les meir: http://www.myspace.com/libertangosalzburg#ixzz0wUZ8KaVu

Foto: Terje Nesthus
Tysdag 29. juni var det igjen duka for Ekstremjazz, denne gongen i Raundalen, ved Lindebergs bru. Konserten fann stad i samband med Europacup i rafting og var eit samarbeid med Ekstremsportveko.
Om lag 100 publikummarar, både ekstremsportutøvarar og andre gjester, fekk oppleva Eldbjørg Raknes halda ein sterk og vakker konsert der scena var omkramsa av Raundalselva. Raknes nytta elva både som visuell bakgrunn for konserten, men òg ved å ta opp elvebruset og bruka dette som ein del av musikken.

Ekstremjazz med Eldbjørg Raknes er flytta frå Hustveit til Urdland, dvs. ved Lindebergs bru. Klokkeslett er òg endra, ny tid er 13:00.
Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 12:00, evt. parkering ved Raundalen skule og shuttlebuss derifrå.
Konserten finn stad i samband med Europacup i Rafting; slalom, spring og H2H. Det blir sal av kortreist mat.
Konserten er gratis.
Velkomen!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz, denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.
Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 - 60 min. å gå frå vegen, alt etter tempo :) Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.
Det vert sal av kortreist mat.
Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!