
Badnajazz er festivalen for, av og med born. Sidan 2000 har det vore skipa til konsertar, parade, verkstader og utstilling. Badnajazz har sitt eige Tingingverk der profesjonelle musikarar samarbeider med born frå Voss og omegn.
Badnajazz 2012:
Laurdag kl. 11:30 på torget:
Badnajazzparade
Det vert parade i Vangsgata med musikk og moro! Ta med deg eit instrument, og saman skapar me eit heidundrande rytmeorkester! Ta gjerne med mor, bror, nabo eller andre du vil syna fram!
Laurdag kl. 13:00 i festsalen på Park:
Mari, Stein og Ragnar sitt dagdraumekollektiv
Velkomen inn i Mari, Stein og Ragnar sitt dagdraumekollektiv der fine og underfundige forteljingar og dikt om aurar, kvalar og dinosaurar får boltra seg i lag med leiken og improvisert musikk!
Som duo har Stein & Mari med sine rare og snirklete, elektroniske og akustiske blueslåtar jobba saman i fem år. Denne gongen har duoen med seg forfattar Ragnar Hovland på scena. Hovland er kjend for sine spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar. Hovland har gitt ut meir enn 40 bøker, vore aktuell med ”Vestlandsrevyen” I og II og har sitt eige band, Dei nye kapellanane.
Denne dagen får du oppleva Ragnar sine lune og snodige dikt opplest av forfattaren saman med lun og snodig musisering av Mari og Stein.
Billettpris kr. 70,- + gebyr Billettservice. Born under 2 år gratis.
Sundag kl. 12:00 i Vossasalen på Park:
Vossasamba!
Årets Tingingsverk er ikkje for dei som likar fred og ro! Dette vert ein konsert med bandet Pappagøyene og elevar frå Bjørgum skule som leverer ein konsert i verdsmusikk-tradisjon.
Ved å bruka nokre kjende barnesongar skal også publikum kunna hiva seg med. Konserten skal være et fyrverkeri av rytmar, fargar og leik. Det vert trommesoloar med born, STOMP, dans og flott scenografi. Det seier seg sjølv at dette vert moro for folk i alle aldrar!
Billettpris kr. 100,- + gebyr Billettservice. Born under 2 år gratis.
Gjester med festivalpass og dagskort kjem inn på konserten dersom ledig kapasitet. For å vera sikra plass må ein kjøpa enkeltbillett.

